Sett inn:    
Synlighet:     Module:   
 

     

                                                                               

 



           

My scholarly supervisors are severe, they usually want me to bring only itemized narrations, however it is really sticky for me. Pupils targeted to address for specific support skillful websites such as custom written term paper

Prosjektet  

Det vart 29.04.05 skrive kontrakt med Veidekke ASA om bygging av Halsnøysambandet. Byggestart var 2. mai 2005. Anlegget vart opna for trafikk 8. mars 2008.

Prosjektet Halsnøysambandet omfattar bygging av om lag 6,3 km ny veg frå Sunde på fastlandsdelen av Kvinnherad kommune til Tofte på Halsnøy, med ein 4,1 km lang undersjøisk tunnel under Høylandssundet og 2,2 km med veg i dagen.

Kryss med eksisterande vegar i kvar ende av prosjektet er bygd som rundkøyringar. Maksimum stigning i tunnelen er 8 %.

Bomstasjonen er etablert om lag 700 meter frå tunnelopninga på Halsnøy.
Halsnøysambandet har gitt innbyggjarane på Halsnøy ferjefritt vegsamband med resten av Kvinnherad kommune.
Det tidlegare ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad (sambandet Skjersholmane – Ranavik – Sunde) er omgjort til eit pendelsamband mellom Skjersholmane og Ranavik, med avgongstider kvart 45. minutt.

Prosjektet er omtalt i St.prp. nr. 84 (2002-2003) om utbygging av riksveg 544 Halsnøysambandet med delvis bompengefinansiering, og vart vedteke i Stortinget 20. november 2003.
Prosjektleiar: Bjarne Olav Lysberg
Byggjeleiar veg i dagen: Marit Eidsnes Rogne
Byggjeleiar Halsnøytunnelen: Bergljot Skonnord.
 

     
 
Logg inn