Sett inn:    
Synlighet:     Module:   
 

     

                                                                               

 



           

My scholarly supervisors are severe, they usually want me to bring only itemized narrations, however it is really sticky for me. Pupils targeted to address for specific support skillful websites such as custom written term paper

Generelle avtalevilkår  


1.    Innleiande føresegner
1.1 Selskapet gir Kunden rett til å nytte AutoPASS-brikka (Brikka) i alle bompengeanlegg eller andre    transportrelaterte tenester (Anlegg) knytt til AutoPASS-avtalen (Avtalen). Brikka vert utlevert av brikkeutskrivar (Utskrivar) eller forhandlar.
1.2 Avtalen omfattar Generelle føresetnader, Lokale føresetnader, Avtaleskjema og Rettleiing. Ved motstrid gjeld denne rekkefølgja.
1.3 Kunden aksepterer dei føresetnader som følgjer av Avtalen.
1.4 Kunden er sjølv ansvarleg for å halde seg oppdatert om kva for Anlegg som er knytt til Avtalen. Informasjon om dette på
www.autopass.no eller telefon 02012.
1.5 Kunden sin bruk av Anlegg som er knytt til Avtalen, vert belasta Avtalen.
1.6 Selskapet har rett til å belaste Avtalen for bruk av brikka i andre Anlegg knytt til Avtalen dersom Kunden ikkje har reservert seg mot dette (jf. Avtaleskjema). Selskapet er betalingsformidlar.

2. Avtaleperiode
2.1 Avtalen er gyldig frå den startdato som er angitt i Avtalen, tidlegast frå dato for Selskapet sitt/forhandlaren si underskrift.
2.2 Avtalen er gyldig til ein av partane skriftleg seier opp Avtalen eller at Brikka (brikkane) vert returnerte.

3. Kunden si plikt
3.1 Dei ulike typar avtalar og betalingsordningar som kan teiknast, går fram av Avtaleskjemaet. Selskapet sine takstar samt depositum for Brikka vert fastsett av offentlege styresmakter, og går fram av separat prisoversikt. Ved bruk av Brikka i dei andre Anlegga som er omfatta av Avtalen, skal det betalast gjeldande takst i det enkelte anlegg.
3.2 Kunden er ansvarleg for at opplysningar som er gitt i Avtaleskjermaet er korrekte.
3.3 Retten til bruk av Brikka føreset rettidig betaling av krav frå Selskapet.
3.4 Kunden kan ikkje nytte Brikka i andre motorvogner enn det som er angitt i denne Avtalen.
3.5 Passeringar skal skje i felt merka med AutoPASS eller felt for elektronisk lesing.
3.6 Montering og bruk av Brikka skal skje i høve instruksjon gitt av Selskapet.
3.7 Kunden skal melde alle endringar i kjøretøydata innan tre yrkedagar etter at slik endring har skjedd, men ikkje oftare enn kvar tredje dag.
3.8 Avtalen eller Brikka kan ikkje overførast til andre.
3.9 Kunden er betalingsansvarleg for bruk av Brikka i alle Anlegg knytt til AutoPASS-tenesta fram til retur eller innmeldt tap av Brikka, anten han sjølv eller andre nyttar kjøretøyet der Brikka er montert.

4. Selskapet si plikt
4.1 Når Avtalen er akseptert skal Kunden betale depositum og ta i mot ei Brikke, dersom Kunden ikkje har slik Brikke frå før.
4.2 Selskapet skal tilby Kunden informasjon om AutoPASS-tenesta og bruk av denne.
4.3 Det vert gitt grønt eller ikkje noko lyssignal ved godkjent passering. Gult lys vert gitt ved ubetalt/ugyldig avtale, manglande brikke, feil på brikke eller feilaktig montering, og utløyser automatisk videofotografering. Kvitt lys varslar godkjent passering, men at innbetalt forskot snart er oppbrukt. For vidare bruk av tenesta må ny faktura betalast. I automatiske stasjoner kan andre lyssignal komme opp (sjå Lokale føresetnader)
4.4 Dersom Selskapet gjer feil ved registrering av kjøretøydata kan Kunden krevje Selskapet for dekning av feilaktig betalte krav

5. Tilleggsavgift og mishald
5.1 Brot på Avtalen kan medføre tilleggsavgift for Kunden.
5.2 Klage på tilleggsavgift skal alltid rettast skriftleg til det selskap som har skrive ut tilleggsavgifta.
5.3 Dersom Kunden gir feil opplysningar om kjøretøydata slik at Selskapet vert påført tap, kan Kunden etterkrevjast for det tapet Selskapet er påført.
5.4 Selskapet har rett til å heve Avtalen dersom Kunden misheld dei føresetnader som følgjer av Avtalen vesentleg.

6. Tap, skade eller tjuveri av Brikka
6.1 Kunden er ansvarleg for all oppbevaring og bruk av Brikka. Ved tap, skade eller tjuveri vert ikkje depositumet refundert.
6.2 Kunden er ikkje betalingsansvarleg for bruk av Brikka dersom Brikka eller kjøretøyet er stole. Dette krev at Kunden ikkje var aktlaus ved oppbevaring av Brikka samt at tilhøvet vart meldt til politiet.

7. Oppseiing av Avtalen
7.1 Kunden har til ei kvar tid rett til skriftleg å seie opp Avtalen med Selskapet.
7.2 Avtalen kan overførast til ein annen Utskrivar dersom Selskapet legg ned si verksemd. Melding om nedlegging vil bli gitt seinast tre månader før Selskapet vert lagt ned.
7.3 Ved oppseiing vil unytta, innbetalt forskot bli refundert Kunden, i høve Lokale avtaleføresetnader.

8. Endringar i Avtalen
8.1 Selskapet kan gjere mindre endringar i Avtalen. Gjeldande versjon av Avtalen finst på
www.halsnoysambandet.no, hos Selskapet og Selskapet sine forhandlarar. Vesentlege endringar skal kunngjerast eller sendast skriftleg til Kunden. Slike endringar trer i kraft ved første etterfølgjande betaling av faktura, eventuelt trekk på Kunden sin konto hos Selskapet.
8.2 Endringar i avtaleperioden vil berre kunne skje som følgje av politiske vedtak eller andre ekstraordinære tilhøve utanfor Selskapet sin kontroll. Slike endringar vil verte kunngjort seinast fire veker før endringa trer i kraft. Endringar av takstar og andre prisar vert annonsert i følgje føresegner gitt av Samferdselsdepartementet og Statens vegvesen.

9. Personvern
9.1 All bruk av Brikka vil bli registrert i samband med betalingskontroll, framstilling av anonymisert statistikk, og eventuelle opplysningar til Kunden. Registreringa skjer i tråd med personopplysningslova sine føresegner.
9.2 Brikka kan nyttast for anonymisert datainnsamling. Dette skal utførast utan at personopplysningar vert behandla.
9.3 Nærare informasjon om behandlinga av opplysningar om Kunden kan fåast hos Selskapet. Opplysningar om Kunden blir berre nytta til å administrere AutoPASS-tenestene. Opplysningar om Kunden kan bli utlevert til operatørar av AutoPASS-tenestene.
9.4 Opplysningar om kvar AutoPASS-passering vert sletta så snart råd er etter at fakturaen er betalt. Ved tvist om betalingsplikt vert opplysningane tatt vare på inntil kravet er gjort opp eller rettsleg avgjort.

10. Kommunikasjon
10.1 Spørsmål frå Kunden til Selskapet vedrørande Avtalen, Brikka m.v. skal sendast skriftleg pr. brev, telefaks eller e-post til adressa som er oppgitt på Avtaleskjemaet.
10.2 Med mindre anna er nemnt i Avtalen skal meldingar frå Selskapet til Kunden vedrørande Avtalen sendast pr. post eller e-post til adressa oppgitt i Avtaleskjemaet. Meldingar kan også vere inkludert i fakturautsendingar og eventuelle purringar.
10.3 Reklamasjon på belastning av passeringar må framsetjast seinast 30 dagar frå det tidspunkt da Kunden fekk kunnskap om belastninga. For passeringar i utlandet må reklamasjon skje seinast 60 dagar etter passering. Rettslige tvistar vedrørande reklamasjon skal avgjerast ved domstolen der det aktuelle Anlegget har sin adresse.

     
 
Logg inn