Sett inn:    
Synlighet:     Module:   
 

     

                                                                               

 



           

My scholarly supervisors are severe, they usually want me to bring only itemized narrations, however it is really sticky for me. Pupils targeted to address for specific support skillful websites such as custom written term paper

Særskilde avtalevilkår for Fastlandssamband Halsnøy AS  


1. Omfang av Avtalen
1.1 Privatpersonar kan registrere maksimum to kjøretøy pr. avtale. Firma kan registrere så mange kjøretøy dei ønskjer på ein avtale, dersom kjøretøya er i same vektklasse. Det må vere éin brikke pr. kjøretøy og det må betalast kr 200,- i depositum pr. brikke.

2. Faktura og avregning
2.1 Det vert berekna eit forskotsbeløp pr. 2 kjøretøy. Bompengeselskapet kan likevel regulere fakturabeløpet til det enkelte firma avhengig av kjøremønsteret til kjøretøya, slik at faktura som hovudregel ikkje vert sendt ut oftare enn ein gang pr. månad.
2.2 Ikkje mottatt faktura fritar ikkje brukaren frå plikten til å sørgje for at avtalen er gyldig ved passering av bomstasjonen.

3. Endring i avtale
3.1 Alle endringar i avtalen, slik som bytte av bil, avtaletype eller adresse, skal meldast til selskapet.
3.2 Brukaren er ansvarleg for å fjerne brikka ved sal eller avhending av kjøretøyet. Brikka kan da overførast til nytt kjøretøy hos same brukar eller returnerast til bompengeselskapet for sletting av informasjon.
3.3 Det er ikkje høve til å overdra avtalen til andre personar eller selskap.
3.4 Brukaren er til ei kvar tid ansvarleg for bruken av den utleverte brikka og plikter å gi melding til bompengeselskapet snarast dersom brikka kjem bort eller vert stolen. Brikka er Statens vegvesen sin eigedom.

4. Takstar
4.1 Brukaren sin saldo vert belasta med den pris som vert utrekna frå dei takstane som gjeld til ei kvar tid.
4.2 Takstar er tilgjengeleg på selskapet si heimeside
www.halsnoysambandet.no og hos våre forhandlarar.

5. Oppseiing av Avtalen
5.1 Ved oppseiing vil unytta innbetalt forskot og eventuelt depositum verte refundert til brukaren. Beløp under kr. 50,- vert ikkje refundert.

6. Fri passering
Det er fri passering for el-bilar, utrykkingskjøretøy og buss i konsesjonert rute, føresett at dei har AutoPASS-brikke. Ved fritak knytt til merka gravferdsfølgje og arbeid på vegen, må bompengeselskapet kontaktast for avtale.

     
 
Logg inn